Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle
Du er her: Framsida / Om Radøy kommune / Sørvistorget

Sørvistorget er til for innbyggarar og besøkande i Radøy kommune. Ringer du kommunen sitt hovudnummer eller besøker rådhuset på Manger, møter du oss. Vi har opningstider man- fre mellom kl 8.00- 15.30. Sentralbordet er ope mellom kl 8.30- 15.15.

Vi kan hjelpe deg å finne Barne og familietenesta, vite om legekontoret er stengt, korleis du når feiaren, melde frå om flytting, kven som lagar postkassestativ eller har spørsmål om barnehageplass.

Her kan du kopiere, binde inn hefter, sende faks eller få attesterte kopiar. Ønsker du å ta ut ei naboliste, skrive ut kart, hente ulike skjema eller finne informasjon i arkivet og mykje meir, er sørvistorget rette staden.

Vi skal alltid vere oppdatert på informasjon og siste nytt. Dersom vi ikkje kan hjelpe deg direkte, skal vi rettleie deg vidare til riktig instans slik at du får den informasjonen du treng. 

Vår målsetjing er at uansett utfall av saka, skal du som brukar vere nøgd!

Velkommen til Sørvistorget i Radøy kommune!
Sist oppdatert: 05.12.2008
Kontakt oss

Radøy kommune
Radøyvegen 1690
5936 Manger
Telefon: 56 34 90 00

Faks: 56 34 90 01
E-post: postmottak@radoy.kommune.no
SMS: send RADØY + di melding til 2223

Vakttelefon veg, vatn og avløp:
48 28 71 82
Vakttelefon brann:
907 60 866


 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no