Ordførar Jon Askeland ønskjer å gjere stas på alle nye radveringar. Både nyfødde og nyinnflytta får ei gåve i frå kommunen. Ordførar oppfordra i haust til medlemsverving og store magar. Målet er at Radøy skal vera ein god kommune å veksa opp i og trivast i for alle.
Jakob - ein glad radvering 15 månader gamal.
Alle foreldre med nyfødde i Radøy vert kontakta av Helsestasjonen innan 14 dagar etter fødsel. Ved heimebesøk vil helsesøster gi foreldre og barn ei helsing frå ordføraren og ei smikke med Radøylogo på. Ordninga tok til rundt nyttår og om det er nokon som ikkje har fått kan de kontakta helsestasjonen.
Alle nyinnflytta vil, ei stund etter at de har meld flytting hos folkeregisteret, motta ei helsing frå ordførar. Kvart familiemedlem vil også få kvar si t-skjorte med logo frå Sørvistorget.
Dersom du er ny i kommunen, men ikkje har høyrt frå oss, ta kontakt med Sørvistorget på tlf 56349000 eller postmottak@radoy.kommune.no.
Me håpar de vil trivast på den grøne øya, velkommen til nye innbyggjarar, både store og små!
Sist oppdatert: 21.02.2008