Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle
Du er her: Framsida / Om Radøy kommune / Lokaldemokrati

Formannskapslovene, som vart gjort gjeldane frå 1. januar 1838, innførte folkevalde styringsorgan både i fylka (amta) og kommunane (formannskapa). Eitt av dei viktigaste prisippa i formannskapslovene, var at kommunane i størst mogleg grad skal ta avgjerdsler i sakar som gjeld dei sjølve.

I dag vert dei fleste kommunar styrte av eit kommunestyre, som velgjer ein ordførar.  Ordføraren er ofte frå det største partiet i kommunestyret, men kan også vera frå eit mindre parti, avhengig av partipolitiske konstellasjonar og avtalar partia i mellom. Vel 1/4 av medlemmane i kommunestyret er også i formannskapet. Formannskapet fører tilsyn med kommuneforvaltninga, førebur saker for kommunestyret og avgjer også ei rekkje saker på eiga hand.

I Radøy kommune fungerer formannskapet mellom anna som kulturstyre og valstyre. Dei folkevalgde sit også i politiske råd og utval. I Radøy kommune er det eitt utval som består utelukkande av representantar frå kommunestyret. Dette er hovudutvalet for plan, landbruk og tekniske tenester.

Les Reglement for kommunestyret 

Sist oppdatert: 30.10.2009
Kontakt oss

Radøyvegen 1690
5936 Manger
Telefon: 56 34 90 00
Faks: 56 34 90 01
e-post: postmottaket@radoy.kommune.no

Les meir

 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no