Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle
Du er her: Framsida / Om Radøy kommune / Kommunale verksemder / Radøy MatSørvis

Radøy MatSørvis held til ved institusjonane Hordabøheimen og Velferdssenteret.

Kjøkkenavdelingane serverer bebuarane på institusjonane ferske, nylaga måltid fire gonger om dagen. Også personalet ved institusjonane har tilbod om lunsj.

Kjøkkenet produserer også middag til heimebuande. Middagane vert leverte etter "kok-server-prinsippet", dvs. at maten er nylaga den dagen den vert servert. Middagane vert leverte av Frivilligsentralen sine mange gode, flittige hender.

Kjøkkenet driv òg med catering. Privatpersonar kan bestilla mat til ulike anledningar som t.d. dåp, konfirmasjon, bryllup, gravferd og fødselsdagar. Kjøkkenet på  Velferdssenteret tar imot bestilling utfrå eigen cateringmeny. Denne omfattar mellom anna heimalaga kaker og dessertar, koldtbord, snittar, middagar og lunsjrettar.

Kjøkkenet har opningstid frå 0700 til 1500 alle dagar. Ved ynskje er kjøkkenavdelinga open for henting av mat eller arrangement utover opningtida.

Kjøkkenet har også eit lite lokale for utleige til selskap.

 

Sist oppdatert: 18.06.2008
Kontakt oss

Radøy MatSørvis
Idrettsvegen 2
5936 Manger
Tlf: 56 34 91 94
Fax: 56 34 21 80
E-post


 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no