Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle
Du er her: Framsida / Om Radøy kommune / Interkommunalt samarbeid / Nordhordland kemnerkontor

Skatteoppkrevjarane i kommunane Lindås, Meland, Modalen, Osterøy og Radøy flytta til nye lokale i Knarvik frå 1. januar 2010. Dei held til i same bygg som Skatt Vest og Reklamehuset. Det nye, felles kontoret får namnet Nordhordland kemnerkontor.

Kontoret ivaretek dei oppgåvene det lokale skatteoppkrevjarkontoret hadde, som mellom anna er: 
- Informasjon om skattetrekk og arbeidsgjevaravgift
- Innlevering av terminoppgåver for skattetrekk og arbeidsgjevaravgift
- Innlevering av løns- og trekkoppgåver
- Innkrevjing av skatt og arbeidsgjevaravgift
- Innkrevjing av eigedomsskatt og kommunale gebyr
- Bokettersyn

I ein overgangsperiode vil det vera høve til å levera inn løns- og trekkoppgåver og terminoppgåver på rådhuset. Kontant innbetaling av skatt og/eller arbeidsgjevaravgift kan berre gjerast på det nye kemnarkontoret.

Sjå http://www.nhkemner.no/ for meir informasjon.

Sist oppdatert: 03.05.2011
Kontakt oss

Nordhordland kemnerkontor
Kvassnesvegen 44
5914 Isdalstø
Tlfnr: 56 375028
E-post: post@nhkemner.no
Heimeside


 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no