Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle
Du er her: Framsida / Om Radøy kommune / Kontakt oss / Helse og omsorg / Radøy legesenter

Opningstid
Radøy legesenter er ope  kvardagar 8.00-15.00.
Telefonen er open 8.00-11.30 og 12.30-15.00

Når du kan ringje?
Må du ha legetime same dag: Ring snarast etter kl 8.00.

Vi vurderer kven som må koma til lege straks og kven som kan venta.

For tinging av reseptar eller kontrolltime ber vi deg ringe etter kl 10.00.

Hugs å tinge reseptar i god tid og at du kan få resept når du er til legetime.

Du kan tinge kontrolltime når du er på legekontoret.

Legetime, laboratorietime, og resept kan tingast på nettet via www.minhelse.no  Det tek gjerne eit par dagar før resepten er klar. Elektronisk resept tingar du på vanleg måte på legesenteret. Sjå www.eresept.no

Prøvesvar
Legen gjev deg melding på røntgensvar og unormale prøvesvar. Du treng ikkje ringe om dette.Ved normale prøvesvar får du ikkje melding utan at det er gjort avtale med legen.

Hugs å melde frå om du har fått frikort, eller har endra arbeidsgjevar.

Ved akutt sjukdom eller skade
Ring Radøy legesenter Tlf 56 34 90 90 kvardager frå kl 8.00-15.00.

På kveld og helg ring Nordhordland legevakt Tlf. 56 35 10 03.

Medisinsk naudnummer er 113.

Fastlegane er:
Ingmund Kvinge - spesialist i allmennmedisin
Halvard Martin Aag - spesialist i allmennmedisin
Eli-Anne Uthaug Brügger - lege
Gunn Mali Steen Sund - spesialist i allmennmedisin

Turnuslege - ny kvart halvår

Kommuneoverlege: Grethe Fosse

Sist oppdatert: 09.10.2011
Kontakt oss

Radøy legesenter
Radøyvegen 1621 B
5936 Manger
Tlf: 56 34 90 90
Telefax:  56 34 90 89

Naudnummer
Brann 110
Politi 112
Lege 113
Giftinformasjon 22 59 13 00


 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no