Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle
Du er her: Framsida / Om Radøy kommune / Kontakt oss / Helse og omsorg / Radøy Interkommunale busenter

Helse Bergen skreiv i løpet av hausten 2008 ut pasientar som har vore innlagt i psykiatriske institusjonar over lang tid, med tanke på at dei skal få komme tilbake til eigen kommune og få sin eigen bustad.

Kommunane i Nordhordlandsområdet er relativt små, og har derfor valgt å samarbeide om eit busenter. Vi meiner dette vil føre til eit godt fagmiljø/ arbeidsmiljø og skape ein god stad å bu for brukarane.

Dei som i dag samarbeider om dette tiltaket er Osterøy kommune, Vik kommune og Radøy kommune. Radøy er vertskommune og står dermed for leiing, drift og har også arbeidsgjevaransvar for tiltaket.

Busenteret ligg på Manger. Radøy kommune leiger ein fløy av bygget som før var gamle Radøy sjukeheim, som Helse Bergen eig. Heile fløyen er pussa opp, bebuarane har kvar sin eigen leilighet med kjøkkenkrok og bad. I tillegg er det 2 fellesstover, 2 felleskjøkken og felles vaskerom til disposisjon for bebuarane, alt i ny og moderne stil.

Vi har ansatt husmor, som er kokk og lager all mat på busenteret, dette er for å skape eit heimekoseleg miljø og hjelpe bebuarane til å trene på huslege sysler.

I tillegg har vi valgt å innføre medlevar turnus, det betyr at delar av personalet jobbar i perioder på 2 døgn i strekk, for så å ha fri 7 døgn. bebuarane opplever då eit miljø som gjer mindre assosiasjoner til institusjon, og som liknar meir ein heim, ved at dei ansatte bur der, lagar og har måltid saman, følger opp aktivitetar og søv der. 

Sist oppdatert: 07.09.2009
Kontakt oss

Radøy interkommunale busenter
Solhallvegen 2
5936 Manger

Tlf 56 34 92 20


 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no