Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle
Du er her: Framsida / Nyhende / Vil du bli gardbrukar eller har du nettopp teke over?

Møt ein fadder som driv og som har svar på spørsmåla dine! Fadderprosjektet er eit tiltak der nye brukarar til kjøtproduksjon vert rekrutterte. Samstundes held ein på å byggja opp eit større miljø rundt allereie aktive gardbrukarar/kjøtprodusentar.

Gjennom dette vil ein få meir trivnad, auka kompetanse i nærmiljøet på lang sikt, og samarbeid t.d. i visse periodar til fordel for den enkelte (sanking, hausting, avløysing, innkjøp av driftsmidlar). Prosjektet tek utgangspunkt i dagens aktivitetar av faglaga og andre lag knytt til landbruk pluss rådgjevingsapparatet og kjøtforedlinga. Ramma til heile prosjektet vil vera eit strukturert opplegg, der både fadder og ”fadderelevane” vil få nytte gjennom kompetanse- og nettverksbyggjande tiltak. Økonomisk stønad til dei enkelte fadrane skal honorera innsatsviljen deira frå offisiell side, noko som vil vera eit viktig signal ut til næringa.

Fadderprosjektet er ein unik sjanse til å koma i kontakt med erfarne brukar som er interessert i å dele kunnskap, kompetanse og erfaring på ein lett og triveleg måte. Dette for å lukkast med drifta. Me tilbyr eit uformelt samarbeid med rammer som garanterer deg gratis (subsidiert) rettleiing frå fadderen din, eller kurs, nettverksbygging og kontakt med faglaga, som vil gjera starten til ein endå betre ein! Fadrane vil setja pris på å få deg som ny kollega i nærleiken, både for trivnaden og framtida sin del.

Eit kompetent nettverk vil kunne hjelpe deg med mykje:

Fadderprosjektet

Trong for: Dei hjelper deg!
Ressursvurdering  Fadder
Areal/bygging/maskiner Fadder
Nettverk/tilgong til faglag Fadder
Visjon  Fadder
Vurdere driftsplan Fadder/ Norsk landbruksrådgiving
Formidle tomme bygg Fadder
Opplevingar/fjellbeite Fadder
Husdyrlære/plantelære Fadder/ Norsk landbruksrådgiving/ Hordaland sau og geit/ Mattilsynet
Formidling av dyr Fadder/ Nortura
Omsetting Fadder/ Nortura
 

Med 10 aktørar på di side vil du lukkast:
1. Hordaland Bondelag, 2. Hordaland Småbrukarlag, 3. Norsk landbruksrådgiving, 4. Nortura, 5. HSG, 6. Mattilsynet, 7. Skogeigarlaget Vest, 8. Fadder, 9. LID, 10. Landbrukskontor

Korleis koma i gong?
Ta kontakt med det lokale landbrukskontoret ditt – dei vil hjelpa deg med å få kontakt med ”fadderen” din.  Som du ser, er fadderen med på det meste – og får å gjera dette enklare og senka terskelen med å ta kontakt med fadderen, har me ei ”gulrot” til deg: 15 timar med rådgjeving for deg vil fadderen få godtgjort av oss! Elles kan me freista deg med studietur, bondekafé og enkelte kurs som du seinare vil trenga for å kunne driva.

For meir info kan du også sjekka nettsida www.landskapidrift.no

Meld di interesse innan 31. august!

Prosjektleiar Bastian Hoffmann
Telefon: 55 57 21 47
Mobil: 41 034 096
E-post: bastian.hoffmann@fmho.no
Sist oppdatert: 08.12.2011
Kontakt oss

Radøy kommune
Radøyvegen 1690
5936 Manger
Telefon: 56 34 90 00

Faks: 56 34 90 01
E-post: postmottak@radoy.kommune.no
SMS: send RADØY + di melding til 2223
Organisasjonsnr: 954 748 634

Vakttelefon veg, vatn og avløp:
48 28 71 82
Vakttelefon brann:
907 60 866


 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no