Reguleringsplan for Boga - Nordrevågen
Sjå lenke
Reguleringsplan for gnr. 30, bnr. 9 Vågenes
Planen gjeld deler av gnr 30/9 og omfattar m.a. nokre bustadtomter, driftsbygning, naustområdet og parkering.
Radøy kommunestyre vedtok planen i møte 27.11.2008.
Generelt for reguleringsplanar
Planane er lagt ut på sørvistorget i rådhuset. Vedtak kan påklagast til Fylkesmannen i Hordaland av den som er part i saka, eller har rettsleg klageinteresse. Klagefrist er 3 veker frå denne kunngjeringa, og klagen må grunngjevast. Eventuelle klage vert å senda Radøy kommune, Krossvegen 8, 5936 Manger.
Når det gjeld verknadene av godkjent reguleringsplan, vert det vist til §§ 31, 32 og 42 i plan- og bygningslova
Kommunal føreskrift om bandtvang
Framlegg til føreskrift om sikring av hund i Radøy kommune vert vedteken av Radøy kommunestyre den 25.09.2008, sak 085/08. Vedtaket er heimla i føreskrift av 4. juli 2003 nr. 74 om hundehald. Saka har vore til offentleg ettersyn. Den nye føreskrifta skal motverka skade, urimeleg ulempe og utryggleik, men og ha som føremål å fremja eit positivt hundehald som tek omsyn til både personar som har, og som ikkje har hund. For tenestehundar og hundar i arbeid gjeld det eigne reglar i føreskrifta. Målet med denne føresegna er også å unngå dyretragediar og få eit trygt bufehald. Alle desse omsyna er det teke omsyn til i føresegna på ulike måtar. Det skal lagast kart over dei geografiske område der hundar kan vera lause under oppsikt/følgje i tidsrommet 1. desember til 15. mars
Minsteareal for hjortevald i Radøy
Radøy kommunestyre vedtok i møte 11.12.2008 med heimel i § 5 i Forskrift om forvaltning av hjortevilt og bever, føreskrift om minsteareal for hjortevald i Radøy. Minstearealet vert no 400 daa for hjortevald f.o.m. Manger Grunneigarlag sitt vald og nordover, minus valda på Toska og Marøy. For dei andre valda vert minstearealet 750 daa som før.
Nye gebyrsatsar og eigenbetaling frå 01.01.09.
Radøy kommunestyre har vedteke nye gebyrsatsar og eigenbetaling. Desse kan du lese i budsjett eller i Radøy Nytt som kjem ut i desember.