Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle
Du er her: Framsida / Nyhende / Elektronisk barnehagesøknad
Glade born i barnehagen

Radøy kommune har innført elektronisk barnehagesøknad. Alle som ynskjer plass i ein av barnehagane våre i barnehageåret 2010/-11, må søkja via elektronisk skjema. Søknadsfristen er 1. mars 2010.

Skjemaet skal også nyttast ved søknad om endring av plass frå og med barnehageåret 2010/2011. Bruk då alternativet overføring av barnehageplass.

Dersom du søkjer inn bornet ditt for 2,3, eller 4 dagar, kan du sende melding om kva dagar som er ønska til den barnehagen som er 1. prioritert.

Radøy kommune har fire barnehagar; Austebygd, , Prestmarka og Sæbø barnehagar. Alle barnehagane vil frå hausten 2010 ta opp barn i alle typar plassar, dersom etterspurnaden tilseier det.

Nærare opplysningar kan ein få ved å venda seg til den einskilde barnehagen, eller til Sørvistorget på tlf. 56 34 90 00. Her kan ein også få hjelp til å fylla ut det elektroniske søknadsskjemaet.

Sist oppdatert: 26.02.2010
Kontakt oss

Radøy kommune
Radøyvegen 1690
5936 Manger
Telefon: 56 34 90 00

Faks: 56 34 90 01
E-post: postmottak@radoy.kommune.no
SMS: send RADØY + di melding til 2223

Vakttelefon veg, vatn og avløp:
48 28 71 82
Vakttelefon brann:
907 60 866

Les meir

 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no