Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle
Du er her: Framsida / Nyhende / Arrangement i helga
Kystsogevekene

Denne helga er det mange arrangement i kystsogevekene. Allereie fredag kveld er det open smie på kulturtunet til Karstein Vågenes på Kvalheim frå kl. 18.00-21.00.

Laurdag kl. 12.00 er det kurs der du kan læra å spela det kurs der du får læra å spela på det tradisjonelle australske instrumentet Didjeridoo og det norske utradisjonelle instrumentet Kvanndoo.

På Radøy Kunst Senter vert utstillinga Unexpected Meeting with Reality offisielt opna av fylkeskultursjef Anna Elias Tryti kl. 14.00. Utstillinga er open kvar laurdag og søndag fram til og med 10 oktober. På Risnes vert det Risnes-marknad frå 12.00 til 16.00 med diverse salsboder.

Søndag er det familiefiskekonkuranse frå Slippen i Sæbøvågen frå kl. 12.00. På Toskavegen kan du få læra korleis du du sankar og tilbereder ein del mindre nytta delikatesser frå fjæra kl. 15.00.

Kl. 16.00 held Risnes sjømannsmisjon jubileumsbasar på Hella skulestove. Denne basaren er også den siste dei held, før dei legg ned laget. Damene i sjømannsmisjonen er godt over 90 år, og dei har blitt oppfordra til å laga denne litt spesielle basaren. Dette er ei av dei aller siste sjømannsmisjonsforeningane i Radøy, og med basaren på søndag er det altså slutt her også…

Kl. 16.30 vert det visematiné med Thomas og Kåre Håland på Smiths møte- og selskapslokale. Dei presenterer nokre gamle viser, nokre nye viser og litt til å syngja med på.

Meir om alle arrangementa i kulturkalenderen og på nettsidene til kystsogevekene.

Sist oppdatert: 08.12.2011
Kontakt oss

Radøy kommune
Radøyvegen 1690
5936 Manger
Telefon: 56 34 90 00

Faks: 56 34 90 01
E-post: postmottak@radoy.kommune.no
SMS: send RADØY + di melding til 2223
Organisasjonsnr: 954 748 634

Vakttelefon veg, vatn og avløp:
48 28 71 82
Vakttelefon brann:
907 60 866


 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no