Frå torsdag 5.november vil det, som ei mellombels ordning, vera mogleg å kjøpa legemidla Tamiflu og Relenza i apotek også utan resept fra lege. For å få utlevert medisinen, må du fylla ut eit eigenmeldingsskjema.
Det nye H1N1 influensa-viruset sprer seg raskt i Noreg, og talet på sjuke stig. Vaksine er det beste vernet mot influensaen, men me er enno på eit tidleg stadium i vaksinasjonsprosessen.
Tamiflu er eit lækjarmiddel som kan gjera sjukdomsperioden kortare, og redusera risikoen for komplikasjonar hjå dei som vert smitta eller sjuke. For at Tamiflu skal fungera, er det viktig at behandlinga startar så tidleg som mogleg etter at pasienten har fått dei første symptoma. Ein del personar med risiko for alvorleg sjukdom, kan òg ha nytte av førebyggjande behandling dersom dei har vore utsette for smitte. Helsestyresmaktene sitt beredskapslager av Tamiflu (og Relenza) er no frigjeve, og vert distribuert til apoteka i landet fortløpande.
Ny utleveringsordning supplerer ein hardt pressa helseteneste. Det er no eit stort trykk på dei kommunale helsetenestene, og både fastlege og lækjarvakt opplever stor pågang. Ein går ut frå at dette vil halda fram til effekten av vaksinen bidrar til å senka smittepresset. For å avlasta kommunehelsetenesta i denne fasen, vil det i ein overgangsperiode vera mogleg å få utlevert Tamiflu frå apotek utan resept frå lækjar. Reint praktisk vil dette foregå ved at farmasøytar har rett til å rekvirera desse legemidla ved yting av helsehjelp i apotek.
Les meir om ordninga på www.pandemi.no
Sist oppdatert: 04.11.2009