Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle
Du er her: Framsida / Turist i Radøy / Båtplassar og båtutleige

Mange lune vågar og viker gjev trygge småbåthamner, og i fjordane og straumane er det rikt med fisk. Me har samla litt informasjon om småbåthamner og båtutleige på denne sida. Namna som er understreka kan ein "klikka på" og kome vidare til respektive heimesider.

Somarens vakraste båtreiser kan ein oppleva med mellom anna veteranbåten M/S Brukvik. Sjå på nettsidene til turistinformasjonen for prisar og rutetider. I Nordhordland er det reiser kvar søndag.

Nordbø hyttetun har båtar til leige både for eigne gjester og for andre. Dei kan òg skaffa skippar til den største båten. Meir informasjon og prisar finn ein på heimesida deira.

Brattetaule gard har robåtar, båtar med påhengsmotor og kanoar til leige. Meir informasjon finst på heimesida deira.

Kvalheim fritid har båtutleige for sine gjester.

"Marstein" ein 46 fots kutter, godkjend for persontransport, for havfiske og opplevingar. Båten er stasjonert på Marøy. Sjå heimesida for meir informasjon.

Nordanger båtforeining har gjesteplassar. Sjå heimesida for meir informasjon.

Bunkring kan gjerast hjå Stevnebø i Bøvågen, tlf 56 37 00 08.

 

Sist oppdatert: 06.07.2011
Kontakt oss

Radøy kommune
Radøyvegen 1690
5936 Manger
Telefon: 56 34 90 00

Faks: 56 34 90 01
E-post: postmottak@radoy.kommune.no
SMS: send RADØY + di melding til 2223
Organisasjonsnr: 954 748 634

Vakttelefon veg, vatn og avløp:
48 28 71 82
Vakttelefon brann:
907 60 866

Les meir

 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no