Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle
Du er her: Framsida / Turist i Radøy / Attraksjonar / Skageneset friluftsområde

Småbruket i SkagenesetSkageneset er eit tidlegare småbruk som vart sikra som offentleg friluftsområde i 1982. Bergen og Omland Friluftsråd eig og forvaltar eigedomen, som er på 50 daa og omfattar våningshus, uthus, jordkjellar, naust og kai. Her er gamal innmark, granskog, spreidd småskog og strandline med svaberg. Ytst på neset er det ein grunn poll med sandbotn som høver godt til bading.

Frå fristad for flyktningar til friområde for alle
I krigsåra spela Skageneset ei viktig rolle for motstandsrørsla. Ei enkje med tre born budde her då. Ein lokal kontakt for heimefronten som kjende til Skageneset og visste at garden låg avsides til, fekk overtala enkja til å vera med å gøyma flyktningar som skulle vidare over Nordsjøen. Ei av døtrene på Skageneset Ingeborg Skagenes har skildra korleis familien opplevde krigsåra. Ingeborg Skagenes vart seinare heidra med deltakarmedaljen for innsatsen under krigen.

Les skildringa her

Brosjyre frå Bergen og omland friluftsråd

Kart frå Bergen og omland friluftsråd 

Sist oppdatert: 04.06.2010
Kontakt oss

Radøy kommune
Radøyvegen 1690
5936 Manger
Telefon: 56 34 90 00

Faks: 56 34 90 01
E-post: postmottak@radoy.kommune.no
SMS: send RADØY + di melding til 2223
Organisasjonsnr: 954 748 634

Vakttelefon veg, vatn og avløp:
48 28 71 82
Vakttelefon brann:
907 60 866

Les meir

 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no