Nordvest i Radøy ligg øya Marøy, med 31 hus og 13 lyktestolpar. Marøy har ein ganske spesiell historie som me fortsatt kan sjå spor etter. Ytst i Knappen finn me spor etter tyskarane sin invasjon under 2. verdskrig. Fortsatt finn ein bunkersar og grunnelement til kanoane.
På Marøy bur det fortsatt gjenlevande som fekk oppleva krigen på nært hald.
Historia på Marøy er ikkje mykje dokumentert, men kommunen har fått lov til å bruka materiale laga av Silje Marøy, Merete Sivertsen, Marlon Sylta og Christian Sylta då dei gjekk i 5. og 6. klasse på Hordabø skule i 1998.
Blant anna intervjua dei Borgny Marøy og Nicolai Sylta. Intervjuet med Borgny vart teke opp på lydband, dette kan du høyre her.
Intervjuet kan du også lese nedanfor:
28.04.1998
Me her på Marøyne me visste at det var krig i landet vårt. På den tida hadde ikkje Marøy bru, så det var berre ei avsidesliggande øy med sjø rundt. Det var ingen som tenkte på eller trudde at det kom til å koma tyskarar til Marøy. Me trudde me budde på ein freda plass, men ein dag skjedde da noko som motbeviste dette. Lensmannen og sonen og to tyske offiserar kom på besøk til Marøy tre gongar etter kvarandre. Dei stod å peika rundtomkring seg og siste gongen peika dei mot dei 4 nordste husa, og då begynte alle å skjøna at noko var på ferdet. Ein kveld kom dei igjen og gav beskjed om at dei skulle overta dei 4 nordste husa. Det var to hus på kvar sia av vegen. Det huset som eg er født i var ein av dei husa som vart teken. Men dei tok ikkje berre husa, dei tok også flor og løa. Dette skjedde i august 1942 og på den tida var alle løe fulle av høy. Folka måtte rydda både hus og løa og dyra måtte dei få plassert hjå naboar bort over Marøygarden. Dei fekk 14 dager til å gjera dette på, og så fekk dei ein ny beskjed om at dei måtte forta seg å flytta for tyskarane kom kanskje tidligare enn dei hadde sagt. Da gjorde dei. Dei kom to dagar tidlegare enn dei hadde sagt. Da viste seg at det var så mange som kom at dei trengte fleire hus. Det første dei tok var skulehuset som dei flytta inn i for å bu. Tyskarane satte opp svære telt utanfor skulehuset som dei brukte som kjøkken, der soldatane kunne koma å henta seg mat. Etterkvart kom det fleire og fleire soldatar og til kaien kom dei med langangsbåtar. Om bord på båtane var det beltebilar som drog dei store kanonena. Dei frakta kanonena nordover på grusveien. Me som var litt store på den tida me sprang opp på haugane og såg på dei store beltebilane og korleis bilane braut opp vegen.
Så bestemte tyskarane seg for å begynna å byggja i utmarka. I byrjinga var dei ikkje i ytst i Knappen, men i utmarka der som dyra pleide å beite. I 1943 fekk dyra igjen begynna å beita. Dei fleste hadde kyr som dei slepte ut i marka. Tyskarane hadde ein vaktpost så alle måtte melda seg til når dei gjekk utover og når dei kom tilbake. Vakthytta var rett og slett eit møk-hus som tyskarane rydda oppi og der var det alltid to på vakt.
Ytst vest i Knappen var ei av fira kanonstillingar. Her var ei veldig stor og kraftig kanona plassert. I begynnelsen kom dei med veldig store kanoner som dei strategisk plasserte. Ytst her i Knappen var ein flott plass for man har oversikt over heile fedjeosen. Men det var allikavel ikkje så lenge dei store kanonane var plassert på Marøy. Kanonena blei berre prøvekjørt i Knappen for så å bli frakta vidare til Rossland. Etter dei store kanonena var fjerna kom tyskarane med nokon mindre som dei satte opp.
Etterkvart kom det fleire tyskarar. Ein periode var det ca. 200 tyskarar på Marøy, og dei trengte meir og meir hus. Det stokk i folket når lensmannen og tyske offiserer kom.
Eg hugsar spesielt ein søndagskveld, det kom to lensmenn og to tyske offiserar. Dei gjekk på kvart hus på Marøy for å sjå kor store hus folk hadde. Dei tok 1-2 rom i alle husa, utanom dei husa dei allerede hadde heilt. Det flytta tyskarar inn i alle hus. Dei norske og dei tyske gjekk ut og inn gjennom same døra i svært mange hus. Då dei frå først av tok skulehuset, fekk folket lov å ta ei stove i eit hus til å ha skule i. Det gjekk ei stund, men så kom tyskarane og ville ha den stova óg. Folket flytta skulen i ei anna stova. Det var ein todelt skule med 3 år i det eine trinnet og 4 år i det andre trinnet. Etterkvart kom tyskarane og skulle ha den stova óg. Då var det ikkje fleire stovar i Marøyne til å ha skule i. Det var eit heilt år der det ikkje var skule på Marøy. Så barna som gjekk på skulen den gongen, gjekk berre 6 år på skulen.
Tyskarane tok eit hus som dei innreda til sjukehus. Tyskarane kalte det "Lasarett". Der hadde dei tyske legar. Var det tyskarar som vart sjuk så gjekk dei der og det hende også at tyskarar vart innlagt på Lasarettet. Så tyskarane hadde alt og innretta seg heilt permanent, slik at dei vart hjelpne på alle måtar.
Dei bygde svære kantiner som dei selde ulike ting til soldatane. Me som budde her fekk ikkje kjøpa så mykje mat eller noko, og snop eksisterte ikkje i butikkane den gangen. Men tyskarane hadde mykje snop som dei selde. Det hende at tyskarane kjøpte snop og delte ut til ungane som dei trefte på vegen. Det var mange tyske soldatar som vart kommandert ut i krigen. Det var ikkje deira vilje, men deira styresett som var slik at dei vart utkommandert, og dei fleste hadde familien sin igjen i Tyskland. Så dei fleste soldatane syntes at det var veldig stas når dei trefte unger på vegen og fekk snakka med dei. Det vart eit godt forhold på alle måtar, men me måtte heile tida tenka på at me var i krig, så me måtte vera forsiktige. Både barn og vaksne. Me fekk informasjon om forsiktighet heima hjå foreldra våre, at me ikkje måtte provosera tyskarane på nokon måte.
Ingen hadde lov å ha lys på under krigen. Det var ikkje eit einaste utelys og ingen lys måtte skina utgjennom vindauga. Me hadde svart blendingsgardiner som me drog ned. Kom det ei lita lysstripa ut, kom tyskarane å banka i veggen til oss og ropte "blending". Då måtte me enten slukka lyset, eller trekka gardine godt føre. Ingen fekk bruka lommelykt, alt var mørkt og svart. Me gjekk innimellom tyskarane, men det gjorde seg til ein vane. Eg trur ikkje at det var så mange som var redde, eg høyrde aldri om det.
Den første grunnmuren man kjem til når man går ut mot Knappen er ein av dei største husa. Her hadde dei kontor, informasjon, vakthytta og dei hadde mesteparten av kontora sine stasjonert her. Bak den barakka ser man restene etter ein stor kai som det kom båtar inntil. No er kaien så full av mose og overgrodd at det ikkje er lett å sjå, og det er mykje som har rast ut, men det var ein fin kai i den tida. Det var lettare å å koma direkte ut i Knappen istadenfor å måtte frakte det over Marøy. På denne måten var det også meir hemmeleg kva dei tok med ut i Knappen.
Oppå høyden ytst i Knappen kan man sjå rester etter bunkersar. Dei er gravd inn i fjellet og støpt i betong så dei står solid til og med den dag i dag. I mange av bunkarsane er det fleire inngongar og ein del krinkelkrokar. Dei både budde og gjøymde seg i dei. Dei vart bygd slik at dei var mest muleg usynleg i terrenget. Tyskarane var flinke til å bygga og å få ting til.
-Kor gammal var du når krigen begynte? Eg var 9 år.
-Har du ein spesiell historie som viser forholdet mellom tyskarane og dei på Marøy? Ja, søstra mi var 2 år på den tida og det var ein kokk som likte ho så godt. Han hadde sjølv ei dotter heime i Tyskland som han savna. Han pleide å ropa på søstra mi på lang avstand, og han tok ho på armen og bar ho rundt og ho fekk mange snope pakka av han.
-Var de redde når natta kom? Ja, i begynnelsen. Alt var mørklagt og vi hørte mange ukjendte lydar. Men vi lærte oss å be om kvelden og då følte vi oss trygg.
-Hadde tyskarane mange reglar? Ja, dei hadde reglar for seg sjølve, men også for dei Norske.
-Hadde tyskarane vakthald på Marøykaien? Ja, det var vakthald natt og dag.
-Skreik og kommanderte tyskarane? Ja, dei skreik og kommanderte mykje. Tyskarane var strenge og alle måtte halde seg til reglane.
-Kalte tyskarane seg noko spesielt? Dei kalte seg "Deutche Wehrmacht", den tyske vernemakta.
-Kvifor var perioden 1942 til 1944 så spesiell for dykk? Den perioden var veldig spesiell for oss på den måten at tyskarane dei kom og me fekk jo krigen inn på livet på ein heilt anna måteenn me hadde hatt før. Så ifrå august 1942 og til høsten 1944 så var me evakuert og måtte flytta rundtom, men etterkvart som tyskarane trekte utover i Knappen så fekk me husa igjen. Men det var ikkje eit lystig syn å komma tilbakars til huset vårt. Det var så skittent og fælt og eg huskar at han far bar vatn inn kvar kveld og skylte det ut på golvet og me måtte skura. Me var ikkje så glad for å flytta heimatt, men du kor glad me var for at krigen var over.