Tjorehagen – vakker hage med kring 2000 ulike plantar. Av dette opp mot 400 ulike rododendron. Omlag 20 fugleartar hekkar i hagen. Den har ein stor og fleire små dammar, idylliske stiar som delvis er tilrettelagde for rullestolbrukarar. Hagen er på 15 mål og ligg sør i kommunen, tett ved Rv 565.
På Sletta finn du Vestnorsk utvandringssenter. Emigrantkyrkja, henta heim frå Brampton i Nord Dakota, er midtpunktet i senteret. Her er også utvandrararkiv, som inneheld om lag 96000 namn og 6000 bilete frå utvandringstida. Fem nye bygningar frå Midt-Vesten er oppført og vil gjera Utvandringssenteret meir komplett.
Bogatunet er namnet på eit tun frå 15 - 1600 talet som er godt teke var på. Det samanbygde huset syner trekk frå mellomalder-byggeskikk i det nordatlantiske kulturområdet. Huset inneheld eldhus, røykstove, bu m/loft og glasstove. For omvisning kan ein ringa Radøy sogelag v/Berit Kvlavik, tlf. 56373273 / Radøy kommune tlf 56349000.
På Marøy, sommaren 2009 vart Skjærgårdsfisk Visningssenter opna. Arthur Marøy kan visa fram 45 år med oppdrettshistorie hjå Skjærgårdsfisk AS. Fiskeridirektoratet har delt ut tilsvarande visningskonsesjonar langs Norskekysten for at den vanlege mann, skular og kundar frå utlandet kan få ei innføring i oppdrett av fisk. Senteret vil halda ope frå mai til september. Bilett kr 50,-. For nærare informasjon og ynskje om omvisning, kontakt Arthur Marøy tlf: 91 10 31 55.
Sentralt på Manger står den Gamle prestegarden som vart bygd i åra 1898-1899 etter at dei eldre bygningane var rivne. Prestegarden vart bygd etter landbruksingeniør Grimnes sine teikningar. Grimnes haldt fast på den gamle stilen, med bygningane lagde i ein open firkant. Tunet bestod av prestebustaden, ein paktarbustad, driftsbygning og eit stabbur. På 1960-talet vart driftsbygningen og paktarbustaden riven, og berre prestebustaden og stabburet står att i dag. Prestebustaden vert i dag nytta til kontor, møter og kulturarrangement. Stabburet vert i dag nytta til utsal av husflidsprodukt.
I 1998 vart den gamle Tingstova frå 1800-talet flytta til den gamle prestegarden. Denne har vore nytta til tingstove, møteplass for offentleg verksemd, kommunestyresal, bank, skulestove for Nordhordland amtskule, møterom for pinsevenner i 1920-30 åra, og sist som snekkarverkstad.
Av kulturminne kan nemnast Bogatunet, Syltastova, Øvre Tveiten og Ystebøtræet.
Radøy Kunst Senter (RKS) er ein stifting og eit senter for framsyning av samtidskunst i Nordhordland. Galleriet er 160 m2. Kunstsenteret har open kafé laurdagar og søndagar frå 12.00 - 16.00. Senteret har eit samarbeid med grunnskulane i regionen og syner også elevane sine arbeider. Dei tre til fem utstillingene i året som senteret har, vert annonsert i lokalpressa.
Nordanger gardsmuseum held til i gamle Nordanger skule, som vart vart bygd i 1864, i den gong Manger kommune. Huset vart reist å ein stad litt nærare husa på Nordanger, men vart flytta ned til hovudvegen i 1884, der det no står. Det vart brukt til skule fram til 1912, då det vart bygd ny skule. For omvisning ring Johannes Birkeland Mobil: 932 50 777 / 56372007
Les om fleire attraksjonar under menypunkta til venstre. Mange attraksjonar og kulturminne er også omtala i kulturhistorisk leksikon.