Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle
Du er her: Framsida / Turist i Radøy

Radøy kommune ligg sentralt i Nordhordland, omlag 45 min køyretur nordover frå Bergen. I aust grensar kommunen til Lindås, i sør til Meland, i nord til Austrheim og mot vest ligg Fedjefjorden som fører ut til Nordsjøen og oljeeventyret.

Naturen på Radøy er rik på kontrastar, frå frodig skogsterreng til myrar, vatn og forblåste lyngområde. Radøy har dessutan eit stort innslag av ”kulturlandskap”, og det er ikkje utan grunn ho vert kalla ”den grøne øya”. Vatn og myrar, skog og kratt har etter kvart vorte opna for turgåande av ei rad med skogsvegar. Ein del av vatna har fint med aure og røye, og i skogen finn vi småvilt, noko skogsfugl og mykje rev og hjort.

Kultur- og sørvistorget sel turkart over Radøy og Lindås kommunar, og turbok for Radøy.

Les meir om det Radøy har å by på under punkta i menyen til venstre.

Velkomen til Radøy!

Sist oppdatert: 06.07.2011
Kontakt oss

Radøy kommune
Radøyvegen 1690
5936 Manger
Telefon: 56 34 90 00

Faks: 56 34 90 01
E-post: postmottak@radoy.kommune.no
SMS: send RADØY + di melding til 2223
Organisasjonsnr: 954 748 634

Vakttelefon veg, vatn og avløp:
48 28 71 82
Vakttelefon brann:
907 60 866

Les meir

 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no