Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle
Du er her: Framsida / Lag og organisasjonar / Tru og religion
Tru og religion
 
Baluba

Dirigent: Elin KLausen tlf. 931 36 562
Adresse: Berit Kongestøl, Langhøyane 35A, 5936 Manger
Heimeside:  http://www.radoysokn.no/lag_og_grupper/lag_og_grupper.html

baluba er eit barnekor med medlemmer frå fire år og oppover (øvre grense ved at borna går ut av barneskulen). Koret øver i Manger kyrkje onsdagar frå kl 17:30 til 18:15.

Sist oppdatert: 27.05.2009

 
Kristen idrettskontakt

Leiar: Emil André Erstad
Tlf: 92 29 4 594
Adresse: Haukelandsvegen 1, 5009 Bergen
Heimeside: www.krik.no

 

Kristen Idrettskontakt på Radøy har samlingar annankvar fredag i Radøyhallen. Me er ei stor gruppe ungdommar frå ungdomsskulealder og oppover, som samlast til fysisk aktivitet, spel og leikar. Utanom desse faste samlingane har me også fjellturar, leirar og andre arrangement. På kvar samling har me andakt. Det kristne budskapet er sentralt i KRIK og det er me tydelege på. Me samarbeider også med Inpuls, ungdomsklubben på Manger bedehus. På landsbasis er KRIK ein stor organisasjon med 12 000 medlemer, og det vert kvart år arrangert store nasjonale leirar. Action, Arena og Explore. To på sommaren og éin på vinteren. KRIK sine sentrale verdiar er trusglede, livsglede og idrettsglede. Me tar ingen medlemsavgift og alle kan vera med, så det er berre å møta opp!

 
Inpuls

Leiar: Elna Bauge
Tlf: 56 37 40 18
Adresse: Boga, 5936 Manger
Nettside: www.inpuls.blogspot.com
 

Inpuls er ein kristen ungdomsklubb som heldt til i nedehuset på Manger annankvar fredag klokka 19.00. På Inpuls er det alltid song, andakt og mykje sosialt. Spel, leikar, konkurransar, turar, filmframvisning og andre ting. Ofte er det også kiosksal og nokre gonger vert det servert mat. Det er alltid faste leiarar som møter opp og arrangerer. Kvar gong er det noko som skjer i form av turneringar, underhaldning og andre ting. Veldig mange ungdommar kjem på Inpuls kvar gong, men me tek gjerne i mot fleire. Inpuls samarbeider også med KRIK Radøy (Kristen idrettskontakt) og difor er det Inpuls annankvar fredag og KRIK annankvar fredag, slik at dei som vil kan kome på begge.

 

Sist oppdatert: 20.04.2009

Kontakt oss

Radøy kommune
Radøyvegen 1690
5936 Manger
Telefon: 56 34 90 00

Faks: 56 34 90 01
E-post: postmottak@radoy.kommune.no
SMS: send RADØY + di melding til 2223
Organisasjonsnr: 954 748 634

Vakttelefon veg, vatn og avløp:
48 28 71 82
Vakttelefon brann:
907 60 866

Les meir

 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no