Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle
Du er her: Framsida / Lag og organisasjonar / Song, musikk og dans
Song, musikk og dans
 
Baluba

Dirigent: Elin KLausen tlf. 931 36 562
Adresse: Berit Kongestøl, Langhøyane 35A, 5936 Manger
Heimeside:  http://www.radoysokn.no/lag_og_grupper/lag_og_grupper.html

baluba er eit barnekor med medlemmer frå fire år og oppover (øvre grense ved at borna går ut av barneskulen). Koret øver i Manger kyrkje onsdagar frå kl 17:30 til 18:15.

Sist oppdatert: 27.05.2009

 
Inpuls

Leiar: Elna Bauge
Tlf: 56 37 40 18
Adresse: Boga, 5936 Manger
Nettside: www.inpuls.blogspot.com
 

Inpuls er ein kristen ungdomsklubb som heldt til i nedehuset på Manger annankvar fredag klokka 19.00. På Inpuls er det alltid song, andakt og mykje sosialt. Spel, leikar, konkurransar, turar, filmframvisning og andre ting. Ofte er det også kiosksal og nokre gonger vert det servert mat. Det er alltid faste leiarar som møter opp og arrangerer. Kvar gong er det noko som skjer i form av turneringar, underhaldning og andre ting. Veldig mange ungdommar kjem på Inpuls kvar gong, men me tek gjerne i mot fleire. Inpuls samarbeider også med KRIK Radøy (Kristen idrettskontakt) og difor er det Inpuls annankvar fredag og KRIK annankvar fredag, slik at dei som vil kan kome på begge.

 

Sist oppdatert: 20.04.2009

 
Manger old star brass

Leiar: Vigdis Villanger
Tlf: 56370271
Adresse: Manger Old Star Brass v / Vigdis Villanger, 5937 Bøvågen
Heimeside: www.oldstar.no
E-post: mvillang@online.no

Manger Old Star Brass er eit amatørmusikklag. Old Star vart starta i 1980 av 10- 12 musikantar frå Manger Musikklag. I dag er me over 30 medlemmar, der dei fleste tidlegare har vore musikantar i m.a. Manger Musikklag og Radøy Brass. Dirigenten vår heiter Johannes Mangersnes. Dersom du vil vita meir om oss så kan du lesa på heimesida vår.

 

 
Manger skulemusikklag

Leiar: Cecilie Grindheim
Adresse: Postboks 50 5931 Manger
Heimeside: www.msml.no 

Aspirantopplæring f.o.m 4. klasse. Korpset har 22 aspirantar og 40 musikantar i alderen 9-19 år våren 2009. Korpset har faste øvingar kvar tirsdag og fredag kl. 17-19. Dirigent er Thorgeir Thunestvedt.

 
Radøy brass

Leiar: Jan Gunnar Kolstad
Tlf. 95171809
Adresse: Radøy brass v/Jan Gunnar Kolstad, St. Hansstredet 20, 5011 Bergen
Heimeside:  Fortida under ombygging
 

Radøy Brass vart stifta i 1982. Har som mål å gje lovande musikantar i skulekorpsa i distriktet ein plass å utvikla seg saman med vaksne musikantar. Korpset har vunne 1. divisjon NM brass fem gonger, og nyt for tida svært godt av den gode rekrutteringa frå blant andre Manger Skulemusikklag. Korpset er driven av ein liten kjerne ildsjeler, og øver på grendahuset på Dale.
 

Sist oppdatert: 17.07.2009

 
Radøy damekor

Leiar: Elin Klausen
Tlf: 931 36 562
Adresse: 5936 Manger.

Radøy damekor er eit kor for songglade damer i alle aldre. Øving kvar torsdag i Manger kyrkje. Koret vart stifta i år 2000. Me driv med ein del konsertar og arrangement, og ønsker gjerne flere medlemmer. Julenattin'e er koret sitt faste arrangement, og blir arrangert rundt juletider kvart år. Koret har 10-års jubileum i 2010.  

 
Radøy song- og musikkråd

Leiar: Rune Oldervik
Adresse: Hannesvegen 1, 5936 Manger
E-post: runeoldervik@bluezone.no
Heimeside: www.musikk.no/radoy
Tlf. 915 66 753

Radøy song- og musikkråd er eit samlande organ for lag og organisasjonar innan song og musikk i Radøy.

Oppgåver:
- vera eit servicesenter for musikklivet i kommunen.
- vere ein arena for sambruk og samarbeid.
- innstilla til fordeling av kulturmidlar.
- bidra til vekst og utvikling for musikklivet i Radøy.
- gje informasjon om ulike tilskuddsordningar. 

 
Rockeverkstaden

Leiar:     Bjørn Harald Bendiksen
Adresse: Rockeverkstaden, Radøy ungdomsskule, Idrettsvegen 15,
              5936 MANGER
Tlf:         91166237
E-post:    bjorn.harald.bendiksen@radoy.kommune.no
 

For alle frå ungdomsskulealder og oppover som vil vere med å spele pop og rockemusikk i band. Tilbodet er gratis. Me søkjer kommunen og næringslivet om støtte. Me prøver å vere aktiv i lokalmiljøet, og opptrer på ungdomsskulen, kulturmønstringar og andre aktivitetar. Rockeverkstaden vart starta i 1995 på ungdomsskulen. Ca. 25 ungdommar har vore med kvart år. Me øver fleire ettermiddagar og kveldar i veka på musikkrommet på ungdomsskuen.

Sist oppdatert: 15.02.2011

 
Sæbø Barnekor

Leiar: Martha Hvidsten og Irmelin Hordvik
Tlf. 55258809
Adresse: Sæbø, 5938 Sæbøvågen

Sæbø Barnekor har øvinger i Sæbø skule. Koret består av born fra 1. - 7. klasse. Dirigent er Martha og Irmelin.

Sist oppdatert: 28.02.2011

Kontakt oss

Radøy kommune
Radøyvegen 1690
5936 Manger
Telefon: 56 34 90 00

Faks: 56 34 90 01
E-post: postmottak@radoy.kommune.no
SMS: send RADØY + di melding til 2223
Organisasjonsnr: 954 748 634

Vakttelefon veg, vatn og avløp:
48 28 71 82
Vakttelefon brann:
907 60 866

Les meir

 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no