Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle
Du er her: Framsida / Lag og organisasjonar / Alle
Alle
 
Baluba

Dirigent: Elin KLausen tlf. 931 36 562
Adresse: Berit Kongestøl, Langhøyane 35A, 5936 Manger
Heimeside:  http://www.radoysokn.no/lag_og_grupper/lag_og_grupper.html

baluba er eit barnekor med medlemmer frå fire år og oppover (øvre grense ved at borna går ut av barneskulen). Koret øver i Manger kyrkje onsdagar frå kl 17:30 til 18:15.

Sist oppdatert: 27.05.2009

 
Dale bygdelag

Leiar: Bjarte Vaktskjold
Adresse: Vågstaule 50
              5938 Sæbøvågen
Tlf: 907 85 538
E-post: post@5938.no
Heimeside: www.5938.no



Dale bygdalag driv delar av Dale Grendahus. Vi vil gjere bygda levande og tilrettelegge for bruk av huset og naturen for unge og gamle.


Sist oppdatert: 19.01.2010

 
Hordabø idrettslag

Leiar: Bjørn-Ove Myking
Tlf: 56370249/90143964
Adresse: Hordabø idrettspark 5937 BØVÅGEN
Epost: hordabo.il@nettstar.as
Heimeside: http://idrett.speaker.no/organisation.asp?OrgElementId=55862

Laget har to fotballbaner og ein idrettshall (Hordabøhallen). Laget driv med forskjellige aktivitetar som fotball, turløp (Radøyløpet),  volleyball, innebandy og handball (frå hausten 09).

Sist oppdatert: 20.04.2009

 
Hordabø Ungdomslag

Leiar: Hilde Floen Westrum
Tlf: 56 37 03 51/ 932 96 021
Adresse: Gradnatun 5937 Bøvågen
E-post: hildefw@online.no 
 

Hordabø ungdomslag heldt til i Gradnatun. Dette er eit 90 år gammalt hus med mange tradisjonar og der historikken heng i veggane. Her er det plass til små og store. ''Alvor og gaman gjeng ofte saman''.

 

Sist oppdatert: 20.04.2009

 

 
Inpuls

Leiar: Elna Bauge
Tlf: 56 37 40 18
Adresse: Boga, 5936 Manger
Nettside: www.inpuls.blogspot.com
 

Inpuls er ein kristen ungdomsklubb som heldt til i nedehuset på Manger annankvar fredag klokka 19.00. På Inpuls er det alltid song, andakt og mykje sosialt. Spel, leikar, konkurransar, turar, filmframvisning og andre ting. Ofte er det også kiosksal og nokre gonger vert det servert mat. Det er alltid faste leiarar som møter opp og arrangerer. Kvar gong er det noko som skjer i form av turneringar, underhaldning og andre ting. Veldig mange ungdommar kjem på Inpuls kvar gong, men me tek gjerne i mot fleire. Inpuls samarbeider også med KRIK Radøy (Kristen idrettskontakt) og difor er det Inpuls annankvar fredag og KRIK annankvar fredag, slik at dei som vil kan kome på begge.

 

Sist oppdatert: 20.04.2009

 
Keipane kystlag
Besøksadresse: Slippen i Sæbøvågen
Adresse: 5938 Sæbøvågen
Leiar: Evy Bjørsvik Dame
Tlf: 907 85 538
E-post: evydame@broadpark.no

Er et lite lokalt kystlag i Hordaland. Vi holder til i Sæbøvågen i Radøy kommune. I laget har vi nå fått flere båter to flotte seksringer ene fra 1860 den andre fra 1900-tallet. Vi har også to færinger som er litt yngre. Har også fått bygget oss to A-joller, som vi håper at den yngre garde vil sette pris på. Ellers er vi stadig på utkikk etter en egen plass å holde til. Men foreløpig leier/låner vi plass til oss og båten. Målsetningen i laget er å drive/formidle kystkultur til barn ungdom og voksne + ha det gøy sammen.
 
Knappen båtlag

Leiar: Gunnar Mjøs
Telefonnummer: 91305166
Adresse: Nordangervågen, 5939 Sletta
E-post: aagmjoes@online.no
Heimeside: www.knappenbaatlag.com

Knappen Båtlag finn du heilt inne i Nordangervågen langs vegen mellom Mjøs og Straume. Laget har lun og solrik båthamn med tre flytebryggjer, kai, benkar, båt-opphal og parkeringsplass. Hamna er mykje nytta av lokale og tilreisande til rekreasjon og sol- og sjøbading. Knappen Båtlag har ca 65 medlemer med båtar mellom 14 og 32 fot. Sjå heimesida: knappenbaatlag.com

 
Kolstad Krinslag - Kolstad Grendahus

Leiar: Øyvind Morken
Adresse: Postboks 28, 5931 Manger
Heimeside: www.kolstadgrendahus.no
 

Dette tidlegare skulebygget er no grendahus for bygdene Morken, Kolstad, Kartveit, Ulvatn, Boga og Kviste. Huset er eigd av Kolstad Krinslag. Her vert det arrangert lokale tilstelningar for bygdefolket. Huset er også til utleige for private arrangement.
 

Sist oppdatert: 27.05.2009

 

 
Kristen Idrettskontakt

Leiar: Emil André Erstad
Tlf: 92 29 4 594
Adresse: Haukelandsvegen 1, 5009 Bergen
Heimeside: www.krik.no

 

Kristen Idrettskontakt på Radøy har samlingar annankvar fredag i Radøyhallen. Me er ei stor gruppe ungdommar frå ungdomsskulealder og oppover, som samlast til fysisk aktivitet, spel og leikar. Utanom desse faste samlingane har me også fjellturar, leirar og andre arrangement. På kvar samling har me andakt. Det kristne budskapet er sentralt i KRIK og det er me tydelege på. Me samarbeider også med Inpuls, ungdomsklubben på Manger bedehus. På landsbasis er KRIK ein stor organisasjon med 12 000 medlemer, og det vert kvart år arrangert store nasjonale leirar. Action, Arena og Explore. To på sommaren og éin på vinteren. KRIK sine sentrale verdiar er trusglede, livsglede og idrettsglede. Me tar ingen medlemsavgift og alle kan vera med, så det er berre å møta opp!

 
Manger idrettslag

Leiar: Odd Helge Hagen
Tlf: 56373388/98626542
Adresse: Postboks 76, 5931 Manger

Laget har fotballbane (Grønålen) i Manger sentrum. Volleyballag for jenter. Arrangerer årleg turmarsj. Varde på Morkefjellet med registrering av turar dit.

Sist oppdatert: 17.07.2009

 
Manger Old Star Brass

Leiar: Vigdis Villanger
Tlf: 56370271
Adresse: Manger Old Star Brass v / Vigdis Villanger, 5937 Bøvågen
Heimeside: www.oldstar.no
E-post: mvillang@online.no

Manger Old Star Brass er eit amatørmusikklag. Old Star vart starta i 1980 av 10- 12 musikantar frå Manger Musikklag. I dag er me over 30 medlemmar, der dei fleste tidlegare har vore musikantar i m.a. Manger Musikklag og Radøy Brass. Dirigenten vår heiter Johannes Mangersnes. Dersom du vil vita meir om oss så kan du lesa på heimesida vår.

 

 
Manger Skulemusikklag

Leiar: Cecilie Grindheim
Adresse: Postboks 50 5931 Manger
Heimeside: www.msml.no 

Aspirantopplæring f.o.m 4. klasse. Korpset har 22 aspirantar og 40 musikantar i alderen 9-19 år våren 2009. Korpset har faste øvingar kvar tirsdag og fredag kl. 17-19. Dirigent er Thorgeir Thunestvedt.

 
Marås 4H

Leiar: Bjørg Konglevoll Lunde
Tlf: 56374255
Adresse: Marås 4H, 5936 Manger
 

Marås 4H er ein sjølvstendig, demokratisk og medlemstyrt organisasjon for born og unge i alderen 10 til 25år. Klart Hode, varmt Hjerte, flinke Hender og god Helse=4H Marås 4H vart skipa i 1959, og er no den einaste 4H klubben på Radøy. Klubbaktivitetane finn stad på Marås grendahus eller ute i friluft.

 

 
Mental Helse Radøy og Austrheim

Leiar: Wenche Frantzen
Tlf: 47308545
Adresse: co/ Wenche Frantzen Dalland 5936 Manger
E-post: wenfra@online.no
Nettside: www.mentalhelse.no

 

Mental Helse Radøy og Austrheim er ein interesseorganisasjon for brukarar og pårørande innanfor psykisk helsevern, og ellers andre som interesserer seg for psykisk helse. Me ynskjer å kunne vere ein bidragsytar for å gje brukarar eit best mogleg tilbod, både på individnivå og systemnivå. Me har fire faste tilstellingar i året: Sosial samling, sommartur, julebord og foredrag med tema relatert til psykisk helse. I tillegg til faste tilstellingar arrangerer me ulike aktivitetar, t.d. datakurs og sømjeaktivitet. Me er òg representert i ulike råd og utvalg, t.d. Råd for menneske med nedsett funksjonsevne.

 
Nordanger Grendahus

Leiar: Lasse Birkeland
Tlf.nr. 56373550/90527461
Adresse: 5939 Sletta
Heimeside: www.Nordanger-grendahus.com

Utleige av lokaler til kvar ein anledning. Nordanger Grendahus har lokaler til leige i trivlege omgivingar. Med stor parkeringsplass og utområde. Huset har 3 etasjer til utleige. "Kjedlaren" er det plass til ca 50 personer med eget kjøkken/salong/WC og garderobe. "Storstova" kan romme inntil ca 100 personer med stort kjøkken/salong/WC og garderobeplass. "Loftet" er samlings/møtelokale til inntil 25 personar.

For nærare informasjon og bestilling, ta kontakt med Lasse Birkeland tlf: 56373550/90527461 eller Elin Backhus 97722725.

Besøk gjerne vår nye internetside: www.Nordanger-grendahus.com

 
Nordhordland seilforening

Leiar: Harald Matland
Tlf: 90121617
Adresse: Postboks 126 5906 Frekhaug
Heimeside: www.nordhordlandseilforening.org
E-post: leder@nordhordlandseilforening.org 
 

Nordhordland seilforening skal fremja segling som friluftsliv og sport i Nordhordland. Laget er tilslutta Norges idrettsforbund gjennom Hordaland idrettskrets. Laget har medlemar frå Meland, Lindås, Radøy, Austrheim og Osterøy. Laget har omlag 100 medlemar og 45 seglbåtar er tilslutta foreninga. Nordhordland seilforening arrangerer ein del klubbregattaer m.a. Høststormseilasen som går til Fedje kvar haust. Laget har også 4 optimistjollar som vert brukte til seglkurs for barn. Kursa vert haldne på Litlebergen.

 
Radøy brass

Leiar: Jan Gunnar Kolstad
Tlf. 95171809
Adresse: Radøy brass v/Jan Gunnar Kolstad, St. Hansstredet 20, 5011 Bergen
Heimeside:  Fortida under ombygging
 

Radøy Brass vart stifta i 1982. Har som mål å gje lovande musikantar i skulekorpsa i distriktet ein plass å utvikla seg saman med vaksne musikantar. Korpset har vunne 1. divisjon NM brass fem gonger, og nyt for tida svært godt av den gode rekrutteringa frå blant andre Manger Skulemusikklag. Korpset er driven av ein liten kjerne ildsjeler, og øver på grendahuset på Dale.
 

Sist oppdatert: 17.07.2009

 
Radøy Damekor

Leiar: Elin Klausen
Tlf: 931 36 562
Adresse: 5936 Manger.

Radøy damekor er eit kor for songglade damer i alle aldre. Øving kvar torsdag i Manger kyrkje. Koret vart stifta i år 2000. Me driv med ein del konsertar og arrangement, og ønsker gjerne flere medlemmer. Julenattin'e er koret sitt faste arrangement, og blir arrangert rundt juletider kvart år. Koret har 10-års jubileum i 2010.  

 
Radøy Idrettslag

Leiar: Olav Steinar Namtvedt
Tlf: 56 37 21 61/913 80 694
Adresse: 5939 Sletta
 

Radøy Idrettslag har for tida desse aktivitetar: - idrettsskule for born/turnaktivitetar på Sletta og Sæbø - babysømjing - trimaktivitetar (volleyball damer/fotbal herrer/landhockey for damer) - trimaktivitetane kan kan variera frå år til år. Laget eig og driv fotballbanene på Sletta og Austmarka. Radøy/Manger Fotball er brukar. Laget er største eigar i Samfunnshuset "Skogen".

 
Radøy Mållag

Leiar: Silje Namtvedt 
Tlf. 56374166
Adresse: Radøy Mållag c/o Silje Namtvedt, Skjelvik, 5939 Sletta
Heimeside:  http://www.nm.no/lag/radoy-mallag/ 

Radøy mållag arbeider for å spreia nynorsk. Me gjev ut Radøykalendaren, skipar til kunnskapstevlingar og medlemsturar. Me vil også gje ut målrosa til verksemder i Radøy som på ein god måte nyttar nynorsk i marknadsføring og annonser. 
 

Sist oppdatert: 16.02.2011

 
Radøy pensjonistlag

Leiar: Arne Villanger
Tlf: 56 37 00 69

 
Radøy RC

Leiar: Arve Hagesæter
Adresse: Radøyvegen 364, 5938 Sæbøvågen
Tlf: 907 85 538
Heimeside: www.radoyrc.net


Medlemane i Radøy RC køyrer stort sett modellbil heile året. Om sommaren foregår det meste av aktivitetane i klubben på offroadbanen vår på Marås, mens vi trekkjer innandørs når det blir kaldt og ekkelt vær. Løpskøyring er det som er mest moro med heile sporten og medlemmane i klubben køyrer både norgesmesterskap, nordisk mesterskap, europamesterskap og verdensmesterskap i tillegg til flere private storløp i inn- og utland. Klubben arrangerer i løpet av året mange lokale løp, og løp med nasjonal og internasjonal status.

Klubbsamlingar har vi fast på Marås kvar torsdag kveld frå ca kl 17.00.

Er du modellbilintressert og ønskjer å finna ut meir om aktivitetane i Radøy RC, er du hjartelig velkomen for å sjå, snakka og prøva modellbiler.

Sist oppdatert: 21.10.2010

 
Radøy Skyttarlag

Leiar: Kornelius Manger
Tlf: 91334067
Adresse: Manger Øvre, 5936 Manger

Laget er tilslutta det frivillige Skyttervesen, DFS. Laget driv opplæring i bruk av våpen for konkurranse og treningsskyting. Laget arrangerer også treningsskyting for jegrar, og oppskyting til skyteprøve for storvilt. Laget har skyting med rifle i Radøyhallen i vinterhalvåret. Skyting utandørs i sumarhalvåret. Laget jobbar med å få til ny skytebane saman med andre lag og organisasjonar der alle skyteaktivitetar vert samla på ein stad.

Sist oppdatert: 27.05.2009

 

 
Radøy sogelag

Leiar: Einar Borgund
Tlf: 56 37 32 11 - 907 95 108
Adresse: Radøy Sogelag v/Einar Borgund, Raunholmskogen 27, 5936 Manger

Radøy sogelag har ca. 150 medlemer. Kvart år har laget fleire arrangement som kastar lys over utvalde tema innan lokalhistoria i Radøy. Me må spesielt nemna grilltreffa som dei siste åra har vore arrangerte. Sogelaget freistar også å gje ei årbok kvart år. Styret i Radøy sogelag har også ansvar for ettersyn/vedlikehald av Bogatunet og Syltastova.

Sist oppdatert: 15.06.2010

 

 
Radøy song- og musikkråd

Leiar: Rune Oldervik
Adresse: Hannesvegen 1, 5936 Manger
E-post: runeoldervik@bluezone.no
Heimeside: www.musikk.no/radoy
Tlf. 915 66 753

Radøy song- og musikkråd er eit samlande organ for lag og organisasjonar innan song og musikk i Radøy.

Oppgåver:
- vera eit servicesenter for musikklivet i kommunen.
- vere ein arena for sambruk og samarbeid.
- innstilla til fordeling av kulturmidlar.
- bidra til vekst og utvikling for musikklivet i Radøy.
- gje informasjon om ulike tilskuddsordningar. 

 
Radøy Sportsskyttarlag

Leiar: Kornelius Manger
Tlf: 91334067
Adresse: Manger Øvre, 5936 Manger

Laget driv med skyting med rifle, konkurranse og trening. Laget er tilslutta Norges Idrettsforbund og olympiske komite. Mest aktivitet i Radøyhallen, frå sept til mai.

Sist oppdatert: 28.05.2009

 

 
Radøy/Manger Fotballklubb

Leiar: Truls Berntsen
Tlf: 90998088
Adresse: Postboks 47, 5931 Manger
E-post: rmfk@live.no
Heimeside: www.rmfk.org


Radøy/Manger Fotballklubb ble stiftet i 2002 som et resultat av at Manger IL og Radøy IL besluttet å samarbeide om fotballsatsningen. Målsetningen er at klubben skal tilby alle barn og ungdom på Radøy et aktivitetstilbud. Klubben har ca 27 lag i alderen fra 6 - 65 år. Når barna starter på skolen blir det etablert et lokalt lag på skolen i regi av klubben. Spillerene følger laget sitt frem til 12-års alderen. Etter dette blir lagene normalt slått sammen fordi de nå skal begynne å spille 11'erfotball og da trengs det flere spillere pr. lag. Klubben har både herrelag og damelag, så det finnes et tilbud til alle.

For å finansiere driften arrangerer klubben Manger Cup og Tine Fotballskule, samt diverse lotteri og basarer. Det lokale nærinslivet på Radøy får i gjennom klubben mulighet til å reklamere for seg selv via draktreklame og arena reklame. Klubben trenger et stort apparat for å kunne finansiere og drive en så stor klubb, så alle som ønsker å bidra er hjertelig velkommen i klubben.

 
Risnes grendalag

Leiar: Tore Villanger
Adresse: 5937 Bøvågen
Tlf: 90965234
Heimeside: under arbeid

Risnes grendalag har som formål å samla folket i krinsen til både kulturelt og sosialt samarbeid som kan fremja samkjensla i krinsen.

Risnes grendalag strekkjer seg frå Gradnatun og til Rossnes.

Sist oppdatert: 17.11.2010

 
Rockeverkstaden

Leiar:     Bjørn Harald Bendiksen
Adresse: Rockeverkstaden, Radøy ungdomsskule, Idrettsvegen 15,
              5936 MANGER
Tlf:         91166237
E-post:    bjorn.harald.bendiksen@radoy.kommune.no
 

For alle frå ungdomsskulealder og oppover som vil vere med å spele pop og rockemusikk i band. Tilbodet er gratis. Me søkjer kommunen og næringslivet om støtte. Me prøver å vere aktiv i lokalmiljøet, og opptrer på ungdomsskulen, kulturmønstringar og andre aktivitetar. Rockeverkstaden vart starta i 1995 på ungdomsskulen. Ca. 25 ungdommar har vore med kvart år. Me øver fleire ettermiddagar og kveldar i veka på musikkrommet på ungdomsskuen.

Sist oppdatert: 15.02.2011

 
Røde kors ungdom, Nordhordland

Leiar: Stig Krossøy Nordvik
Telefonnummer: 99429179
Adresse: Postboks 47, 5902 Isdalstø
E-post: stig@nhrk.no
Heimeside: www.nhrk.no


Røde Kors Ungdom, Nordhordland er en gruppe for ungdom mellom 13-30 år. Vårt hovedfokus er å jobbe med integrering av ungdom i lokalområdet. Vi vil også jobbe med andre røde kors ungdom aktiviteter som medlemmene våre er interessert i. Alle medlemmene vil få et førstehjelpskurs, og en innføring i Røde Kors sitt arbeid. 


Sist oppdatert: 11.10.2010

 
Sæbø Barnekor og Friends

Leiar: Martha Hvidsten og Irmelin Hordvik
Tlf. 55258809
Adresse: Sæbø, 5938 Sæbøvågen

Sæbø Barnekor har øvinger i Sæbø skule. Koret består av born fra 1. - 7. klasse. Dirigent er Martha og Irmelin.

Sist oppdatert: 28.02.2011

 
Sætre Grendahus A/L

Leiar: Torill Helland
Telefon: 970 00 329
Adresse: Sætrevegen 141
5936 Manger

Utleigeansvarleg:
Hildegunn Buene Myrtveit
Hellandsneset 89
5936 Manger
Tlf: 56 37 41 04 / 932 95 553

Sætre Grendahus er eit andelslag som pr. i dag er eigd av 116 andelsinnehavarar.
Bygget er tidligare Sætre Skule som var kjøpt av Radøy Kommune i 1999.

Me arrangerer blant anna Jonsokfeiring kvart år med ulike aktivitetar for alle. Me har også ein årleg basar om våren.

Ellers er huset nytta til utleige: Feiring av dagar, ulike møter m.m.
Me kan dekka til max 70 personar i salen, men har også eit koselig lokale i andre høgda som er egna til mindre selskap og møter ( max 25 personar ). Det er tilgjengelig kjøkken i begge etasjar.

Sist oppdatert: 09.03.2011

Kontakt oss

Radøy kommune
Radøyvegen 1690
5936 Manger
Telefon: 56 34 90 00

Faks: 56 34 90 01
E-post: postmottak@radoy.kommune.no
SMS: send RADØY + di melding til 2223
Organisasjonsnr: 954 748 634

Vakttelefon veg, vatn og avløp:
48 28 71 82
Vakttelefon brann:
907 60 866

Les meir

 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no