Kulturkalenderen er ei teneste for registrering av arrangement primært i Radøy, men også andre stader. Alle kan registrera eit arrangement i kulturkalenderen.
1. Trykk på lenka Registrer arrangement i menyen til venstre på sida.
2. Alle felt må fyllast ut. Pass på å få med start- og sluttidspunkt, og sjå til at starttidspunktet er før sluttidspunktet.
3. Dersom du ynskjer å registrera eit arrangement lengre fram i tid, kan pilane øvst på kalenderen brukast til å manøvrera seg framover og bakover i tid. Det er ikkje mogleg å leggja inn eit arrangement tilbake i tid.
4. I feltet Namn skal du skriva ditt namn, og i feltet E-postadresse skal du skriva di e-postadresse. Desse opplysningane vert ikkje vist på Internett. E-postadressa vert vist dersom du hakar av for det.
5. Trykk på Send. Arrangementet vert ikkje publisert på Internett, og er såleis ikkje synleg for avsendar, før det er godkjend av ein web-redaktør.