Jordkjellar i vest, eit dokumentasjon- og opplæringsprosjekt
Stad: Nordanger
Tid: 18.09.2010 12:00:00
Pris: Gratis
Arrangør: Kjersti Flatråker
Den gamle jordkjellaren på Soltveit måtte vike plass for ny, moderne driftsbygning. Det vart gjeve løyve til riving. Prosjektleiinga såg dette som eit sjeldan høve til å studere byggeteknikken, med særleg vekt på skjulte delar. Kjellaren vart demontert med detaljert dokumentering og sortering av materiale. Den ligg no lagra og ventar på å verta kjellar på nytt.
I september startar bygginga og i samband med det vert det høve til å sjå og lære korleis jordkjellarar vart reist.
Prosjektleiar Haakon Aase og Espen Marthinsen held foredrag og syner byggjeteknikk.
Det vert minikurs i steinmuring. Steiking av potetkaker.
For meir informasjon, kontakt Kjersti Flatråker, tlf. 95 98 95 52.