Radøydialekten er rik og vakker, men den er på vikande front i konkurranse med bergensdialekten og med ulike austnorske målføre som no dominerer i mediabiletet. Radøy sogelag og Radøy mållag ynskjer å gjera ein innsats for å ta vare på radøydialtekten. Dei har difor starta arbeidet med å samla ord og uttrykk frå Radøy.
Målet er å samla omlag 2000 ord. Om desse vert til ei ordbok frå Radøy, eller om dei vert lagt ut på Internett, er enno ikkje bestemt. Til no er det samla inn rundt 600 ord. For å lukkast med dette storprosjektet, trengst det innspel frå flest mogleg radværingar. Alle vert difor innbedne til å senda inn ord og uttrykk som dei minnest frå oppveksten, eller som framleis er i bruk i daglegtale.
Skriv ned ordet slik du hugsar det vart uttala i radøydialekten. Gløym normert skrivemåte. Så må ein skriva kva ordet tyder. Det er fint om ein òg kan nytta det i ein setning, og det er viktig å notera kor på Radøy ordet vart nytta.
Ord og utrykk kan sendast inn via elektronisk skjema.
Oversikt over innsamla ord pr. 15.12.2009
Sist oppdatert: 22.12.2009