Den grøne øya er ei innarbeidd nemning på Radøy, og du lurar kanskje på kva som er årsaka til at nemninga har oppstått? Forklaringa finst i berggrunn og jordsmonn, - og ein må ein del tiår tilbake i tid for å forstå det heile. Heilt ulikt landskapet både nordafor, vestafor og austafor oss, er Radøy stort sett dekka av jord. Her er få område med blankskurte berg og fjell. Radøy er faktisk den kommunen i Hordaland, med størst andel dyrka mark i høve til totalarealet. Naturen sørgjer for at jorda vert dekka av vegetasjon, og i det gamle bondesamfunnet sytte stort beitepress for at vegetasjonen for det meste var gras.
Like til andre halvdel av 1900-talet var vegetasjon i form av tre og busker svært avgrensa på øya. Slik samanhengjande grasmark som det fanst mykje av her kallast gjerne for valmark, og er grønt det meste av året i det milde klimaet hjå oss. Når øya med dette skilde seg så klart ut frå det omkringliggjande landskapet, vart dette eit siglemerke eller eit mèd, når ein fòr sjøvegen. Sameleis vart Radøy tidleg eit kjend landemerke å orientera seg etter for luftfarten. Heilt presist når nemninga oppstod, veit ein ikkje. Men, det me veit er altså at det er som som landemerke, eit orienteringsmerke, - ja gjerne også som eit fyrtårn at ein skal forstå nemninga Radøy - den grøne øya. Sjølv om landskapet har endra seg på grunn av skogplanting og mindre beitedyr, er Radøy framleis ei grøn øy.
I dag kan ein strekkja assosiasjonane av nemninga Radøy den grøne øya langt ut over det opprinnelege. I denne samanhengen kan grønt tolkast som trygt og inkluderande. Dette passar svært godt i lag med visjonen vår; Radøy - den grøne øya, med trivsel, tryggleik og livskvalitet for alle. Dette er ein av grunnane til at Radøy har satsa svært mykje på kulturliv og fritidsaktivitetar. Me ser oss sjølv som unike i den samanhengen, og i forståinga av å vera eit fyrtårn for innbyggjarane og tilreisande, som ein kultur- og trivselskommune.
Få har gjeve ei betre skildring av Radøy enn det Petter Morken gjer i
Radøysongen.