Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle
Du er her: Framsida / Ofte stilte spørsmål

Kva er forskjellen på "risikogruppe" og "prioriterte grupper"?
Svar: Risikogrupper er personar som har auka sjanse for å få eit alvorleg sjukdomsforløp dersom dei vert smitta, som gravide, sterkt overvektige og personar med hjartesjukdom, lungesjukdom eller eller diabetes. Prioriterte grupper er yrkesgrupper som er spesielt viktige for kritiske samfunnsfunksjonar, som til dømes politi, brannvesen, el-forsyning osv. Fordi svineinfluensaepidemien er forholdsvis mild, er det likevel berre utvalde delar av helsepersonellet som er definert som prioritert gruppe i vaksinasjonsprogrammet. Ingen andre yrkesgrupper kjem framom andre.


Kor lenge varer immuniteten av vaksinen? Og kor lenge er ein immun etter å ha hatt sjukdommen?
Svar: Effekten av vaksinen kjem allereie etter ei veke. Me veit enno ikkje kor lenge vaksinen gjev vern, men ut frå erfaring må me tru at den varer minst eitt år. Det er mogleg at denne vaksina som inneheld eit forsterkande stoff (adjuvans) gjev lengre vern, men det veit me enno ikkje Me reknar med at dei som har hatt influensa, vi få lang immunitet, gjerne fleire tiår. 


Når kan me som ikkje tilhøyrer risikogruppene rekna med å få vaksine?
Svar:
I løpet av veke 46 vil me truleg ha motteke nok vaksine til alle i risikogruppene. Det vil seia at veke 47 vil kunne byrja å senda ut vaksinar til dei som ikkje tilhører risikogruppene, og at kommunane kan byrja vaksineringa av dei i veke 47/48. 


Kven skal vaksinerast først når ein er ferdig med risikogruppene?
Svar:
Dei som bur saman med eller har nærkontakt med personar i risikogruppene, spesielt, spesielt dei som av ein eller annan grunn ikkje kan vaksinera seg, for eksempel dei som er i nærkontakt med born under seks månaders alder, og gravide i første tredel av svangerskapet. I tillegg kjem personar som kan koma i kontakt med svinebesetningar. Deretter vert dei yngste vaksinert først. Sjå elles råd råd på www.pandemi.no.


Kva med eggallergi og vaksine mot influensa A(H1N1)?
Fordi vaksinane vert dyrka på egg, kan nokre pasientar med allergi mot egg få reaksjonar på vaksinane. Dei aller fleste som har eller har hatt eggallergi kan likevel få vaksinane på vanleg måte organisert i primærhelsetenesta under vanlig beredskap for allergisjokk (anafylaksiberedskap).


Kan privatpraktiserande lækjarspesialistar og deira tilsette få tilsendt vaksine fra Folkehelseinstituttet?
Svar:
Diverre er det ikkje mogleg å levera til så mange einskildtingarar. Difor må dei bruka kommunen sitt vaksinasjonsapparat.


Skal dei som har hatt influensa ta vaksinen?
Svar:
Dei som har fått påvist H1N1 ved laboratorieprøve, treng ikkje å ta vaksinen. Dei som har vore i nærkontakt med slike pasientar og har hatt typiske influensasymptom, treng heller ikkje ta den. Men det er ikkje farleg å ta vaksinen sjølv om ein allereie har hatt influensa.

Kva med sjukemelding?
Når influensapandemien gjev så stor pågang av influensapasientar på telefon at det vert praktisk umogleg å finne tid for konsultasjon for å skrive ut sjukemelding, vil NAV akseptere sjukemeldinger som berre er basert på telefomkonsultasjon. Samstundes vert alle verksemder både med og utan IA-avtale oppfordra til å akseptera eigenmelding på inntal åtte dagar.

Når vert Tamiflu brukt og kva gjer den?
Svar:
WHO tilrår, slik som norske helsestyresmakter, at pasientar som har alvorleg sjukdom eller som tilhøyrer risikogruppene får antiviral behandling. Pasientar utanfor risikogruppene med ukomplisert forløp treng ikkje antiviral behandling.
Tamiflu gjer følgjande:
a) gjer at sjukdomsperioden i snitt vert 1-2 døgn kortare
b) gjer sjukdommen litt mildare
c) reduserer spreiinga av smitte

Kan ein gje vaksine mot sesonginfluensa og pandemivaksine samstundes?
Svar: Ja, dei kan trygt takast samstundes. Men dersom du vel å ikkje ta dei samstundes, bør du la det gå éi veke frå du tar den eine typen til du tar den andre.

Skal det setjast ei eller to vaksiner?
Svar:
Alle unnateke dei under 10 år og immunosupprimerte klarar seg med ei vaksine.


Er det registrert mange biverknader med vaksinen?
Svar:
Nei, svært få utenom lokal heving og ømheit på stikkstaden på armen.

Skal alle som har infulensasymtom halda seg heime i 7 dagar?
Svar:
Nei, alle med influensasymptom har ikkje svineinfluensa. Det må difor som hovudregel vera allmenntilstanden som avgjer om ein skal vera vekke frå jobb eller skule når ein er sjuk. Har ein fått slått fast at det kan dreia seg om svineinfluensa, bør ein halda seg vekke frå jobb eller skule for å unngå å smitta andre. Når fleire og fleire vert vaksinerte, vert risikoen for smitte redusert. 

Bør større arrangement i regi av jobb, skule eller andre avlysast av omsyn til risiko for smitte?
Svar:
Nei, førebels er ikkje situasjonen slik at ein vurderer å avlysa samankomstar for å unngå smitte. Det er vanlige førehandsreglar som handvask og hostehygiene som gjeld.  



Sjå også Spørsmål og svarwww.pandemi.no

Sist oppdatert: 02.11.2009
Kontakt oss

Radøy kommune
Radøyvegen 1690
5936 Manger
Telefon: 56 34 90 00

Faks: 56 34 90 01
E-post: postmottak@radoy.kommune.no
SMS: send RADØY + di melding til 2223
Organisasjonsnr: 954 748 634

Vakttelefon veg, vatn og avløp:
48 28 71 82
Vakttelefon brann:
907 60 866

Les meir

 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no