Radøy kommune har no opna massevaksinering:
Vaksinasjonen held fram tirsdag 12. og 19. januar. Møt opp kl 16-18
Vaksineringa skjer på Helsestasjonen på Helsehuset (Solhallvegen 2).
Dersom eit barn kjem utan følgje med føresatte, må barnet ha med seg underskrive samtykkeskjema.
Etter vaksinering må du venta 20 min i lokalet for observasjon. Prisen på å få satt vaksinen, er 100 kroner. Dette gjeld både born og vaksne. Eigenbetalinga inngår ikkje i frikortordninga (blåreseptordninga og eigenandelstak). Transport må ein ordna sjølv.
Her kan ein lesa meir om risikogruppene.
Tilrår vaksinering for alle
For dei fleste som vert smitta, vil influensaen vera mild, men nokre vert alvorleg sjuke. Helsestyresmaktene tilrår difor vaksinering for å hindra at du vert sjuk av influensa og for å hindra komplikasjonar og død. Ved at du er vaksinert, bidrar du i tillegg til at du ikkje smittar familiemedlemmer og andre nærkontaktar. All vaksinasjon i Norge er frivillig.
Særlig utsette for komplikasjonar er gravide og personar med kronisk luftveissjukdom, kronisk hjarte- og karsjukdom, nedsett forsvar mot infeksjonar, diabetes type 1 eller 2, kronisk nyresvikt eller leversvikt, kronisk nevrologisk sjukdom eller skade, samt personar med svært alvorlig fedme. I tillegg er helsepersonell prioriterte i vaksinekøen for å beskytte pasientane og seg sjølve mot smitte.
Vaksinering mot influensa A(H1N1), er også særs viktig for menneske under 30 år. Særtrekket ved denne influensaen er at det er unge menneske som får komplikasjonar og død. Dette står i kontrast til dei ordinære sesonginfluensane, som rammar eldre sterkast. Kommuneoverlegen oppmodar difor særleg unge under 30 år om å la seg vaksinera mot svineinfluensa.
Les meir om tilrådd rekkjefølgje for vaksinering.
Tryggleik og bivirkningar
Det er ein langt større risiko for alvorleg sjukdom og død ved influensa, enn for moglege skadeverknader av vaksinen. Pandemivaksinen som skal brukast i Noreg, heiter Pandemix. Den er framstilt på tradisjonell måte ved virusdyrkning på egg. Vaksinen er basert på delar av det nye influensaviruset A(H1N1) og inneheld ikkje levande virus. Den skal difor ikkje gje influensasykdom.
Pandemrix er godkjend i hele Europa, og av norske legemiddelstyresmakter. Alle legemiddel kan gje bivirkningar, også vaksiner. Pandemrix kan gje noko kraftigare reaksjon med smerter, ømheit og hevingar på injeksjonsstaden enn vanlig vaksine mot sesonginfluensa. Andre vanlege bivirkningar som hovudpine, trøttheit og feber, opptrer også noko oftare. Siden vaksinen er dyrka på egg, må ein utvisa forsiktigheit hjå personar med alvorleg eggallergi.
Eventuelle sjeldne bivirkningar kan berre oppdagast ved alminneleg bruk av vaksinen i store befolkningsgrupper, og eit omfattande system for å fanga opp dette er difor etablert nasjonalt og internasjonalt.
Antiviralia (Tamiflu og Relenza) på apotek og legevakt
Frå torsdag 5. november vil det, som ei mellombels ordning, vera mogleg å kjøpa legemidla Tamiflu og Relenza i apotek også utan resept fra lege. For å få utlevert medisinen, må du fylla ut eit eigenmeldingsskjema. Utanom apoteket sine opningstider, kan ein få tamiflu på Nordhordland legevakt i Knarvik, tlf. 56 35 10 03.
Les meir om denne ordninga.
Meir informasjon
Mer informasjon om pandemivaksinering generelt finst på helsestyresmaktene sin nettstad www.pandemi.no og under ofte stilte spørsmål. Det er også laga ein liten film om vaksingeringa. Du kan òg ringe helsestyresmaktene sin pandemitelefon 815 55 015, sørvistorget i Radøy telefon 56 34 90 00, eller kontakta helsepersonell i kommunen som har ansvar for vaksinasjon.