Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle
Du er her: Framsida / Kraftleidningar over Nordho... / Kronikk - Hubro, havørn og hønsehauk - viktige allierte mot luftspenn over Radøy

Desse tre fugleartane hubro, havørn og hønsehauk må me hugsa på. Desse fugleartane er kanskje våre viktigaste allierte mot nytt luftspenn over Radøy. Kollisjonar med luftspenn, og straumsjokk når dei set på ledningane og mastene tek knekken på mange fuglar kvart år. Norge har både eit internasjonalt og
nasjonalt ansvar med å ta vare på desse artane som ein viktig del av skaparverket vårt, og den økologiske balansen i naturen. Alle desse tre fugleartane hekkar i dag i kommunen vår. Dyktige fotografar har teke bilete av desse fuglane i Radøy, og me er glade og stolte over at me har desse fuglane i vår natur.

Hubro - ein stor sak
Hubroen er den største av alle ugler. Vitenskapeleg namn er Bubo bubo Vingespennet er mellom 1,5 -1,8 m. Hubroen hekkar hjå oss i ulendte område med bratte berg langs kysten. På 1800-tallet var hubroen ein vanlig hekkefugl, me no er den direkte trua. Hubroen er utrydda i mange europeiske land. Det at Radøy
kommune har hubro som hekkar og lever her er faktisk ein stor sak. I våre opne lyngheiområde på kysten finn den både skjulestadar og godt med mat. På raudlista (oversikt over artar i Norge) har hubroen fått katogori EN. Det tyder på at fuglearten er direkte trua. Forskarar trur at hubrobestanden har hatt ein nedgong på minst 20% dei siste 18 åra (2 generasjoner). Kollisjoner og straum (kjøretøy, kraftledningar og vindmøller) og støy og ferdsel (forstyrringar i hekketid mm.) er viktige grunnar til bestandsnedgangen.

Hønsehauk – skogen sin beste jegar
Me veit om to hekkeplassar av hønsehauk i Radøy kommune. Vitenskapelig namn er Accipiter gentilis. På raudlista har hønsehauken fått VU, det betyr at bestanden er vurdert til å vera sårbar. Bestandsstorleik i Norge er vurdert til å være mellom 2800 og 4000 reproduserande individ. Hønsehaukbestanden har hatt ein  bestandsnedgang på 10 % dei siste 3 generasjonar (18 år). Hønsehauken er
ein god jeger der han flyg mellom tre og stubbar. Den kan fort kollidera med kraftledningar når han ei tidleg morgonstund jagar etter mat i skogen.

Havørna – vår største ørn
Havørna, vår største ørn, likar seg godt i Nordhordland. I dag er det truleg to hekkeplassar for havørn i Radøy kommune. Den seglar vanlegvis høgt over deg, men du vil og ofte kunne sjå den sitjande på holmar og skjær når du ferdast omkring i båt. Havørna er ein art som før var direkte trua i Norge, men fredinga og andre tiltak gjorde at arten har vorte meir levedyktig igjen. Men kraftledningar og vindmøller tek knekken på mange slike fuglar kvart år. Mange meiner at eit luftspenn frå Mongstad til Kollsnes kan vera med å redusera stamma kraftig i
vår region. Særleg i skodde og i grålysninga vil slike ledningar ta knekken på havørner som speidar etter føde og er opptatt av livberging.

Kraft- og oljeselskapa må ta miljøet på alvor
Geirfuglen vart utrydda på 1800-talet, og det vil vera synd og skam viss oljeindustrien og straumselskapa i sin iver for å spara pengar er med å utrydda desse tre fugleartane på Vestlandet. Kraftledningar i luftspenn over dette opne kystlandskapet vårt vil vera direkte truande på slike artar, men også på kystlandskapet vårt. Ein kombinert sjø- og jordkabel mellom Mongstad-Kollsnes
vil vera eit viktig signal frå desse industriane at dei tek miljøet og artsmangfaldet på alvor.


Asbjørn Nagell Toft
Sist oppdatert: 23.04.2008
Kontakt oss

Radøy kommune
Radøyvegen 1690
5936 Manger
Telefon: 56 34 90 00

Faks: 56 34 90 01
E-post: postmottak@radoy.kommune.no
SMS: send RADØY + di melding til 2223
Organisasjonsnr: 954 748 634

Vakttelefon veg, vatn og avløp:
48 28 71 82
Vakttelefon brann:
907 60 866

Les meir

 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no