Det går føre seg ei byggjing av gasskraftverk på Mongstad. Kraftverket skal i hovudsak forsyna olje- og gassindustrien med elektrisitet. Tyngda av straumen som skal produserast på Mongstad, skal brukast i Øygarden og på installasjonane i Nordsjøen.
Det må difor lagast ei høgspentline for elektrisiteten mellom Mongstad og Kollsnes. BKK har søkt NVE om konsesjon for å få byggja denne kraftlina. BKK har utarbeidd tre ulike traséalternativ for kraftlina, - der to alternativ medfører luftspenn over Radøy (og dels Austrheim), medan eitt alternativ medfører jordkabel over Radøy og Lindås fram til Mongstad. Alle alternativa har sjøkabel over Hjeltefjorden.
Kommunane Øygarden, Radøy, Lindås og Austrheim krev at alternativet med jordkabel vert vald, medan BKK har søkt om "Alternativ 1", som inneber luftspenn over Radøy. Alle politiske parti og ei rad med organisasjonar og enkeltmenneske har gitt klart uttrykk for krav om kabelalternativet. Kommunestyra i dei fire berørte kommunane har gjort tilnærma like vedtak i saka.
Kraftlinesaka vert difor namnet på eit arbeid, som går ut på å få NVE til å velja kabelalternativet, når dei skal gje konsesjon. For å lukkast med dette arbeidet trengst ei brei mønstring frå heile Nordhordland.
Sjå lenker under bilete
Illustrasjon som viser kvar det eine alternativet for kraftliner over Radøy er planlagd. Vågen i framgrunnen er Nordangervågen. Kraftlinene på biletet endar ut i Kuvågen mellom Vågenes og Kvalheim, før dei går over i sjøkabel mot Øygarden.
Søknad om konsesjon
Konsekvensutgreiing
Fagutgreiingar
BKK sin fotomontasje frå Radøy
Kommunestyret si uttale om planane for kraftleidningar over Radøy
Felles plan for nordhordlandskommunane sitt vidare arbeid mot luftspenn
Kraftpolitisk oppfordring frå 18 ordførarar
Referat frå møte mellom ordførarane 25. april 2008
Ordførarane sine vurderingar - møte mellom kommunane, BKK og NVE 14.05.08
Møte med Heidi Sørensen i Miljøverndepartementet 2. sept. 2008
Avisartiklar om kraftlinesaka
