17. mai-start med kransnedlegging på kulturtunet

På Radøy vert 17. mai opna ved bautaen på Kvalheim kl. 9 om morgonen. I år vil Arve Wallem Skjellanger halde appell og leggje ned krans på minnesteinen. Arve er slektning av Sigfred Toska, som tok del i flyktningetransporten over Radøy under 2.verdskrig. Arve har vidareført Sigfred sine haldningar med engasjement for menneske på flukt i vår tid. For dette arbeidet fekk han Frivilligprisen frå Radøy kommune i 2016.  

 

Arrangementet ved minnesteinen på Kvalheim har fokus på historia frå 2. verdskrig og kampen for fridom. Innskrifta på steinen: «Dei eigde mot. Dei viste veg», gjev utfordring til komande generasjonar om å halde fast ved fred- og fridomsideala.

Barne og ungdom sterkt med
Barn og ungdom har ei naturleg rolle i arrangementet, då dei symboliserer overlevering av desse ideala. Derfor er det alltid barn som assisterer ved kransnedlegginga. I år er det Helena Klucovska Skjellanger, talaren si dotter, og Anna Myrtveit, oldebarn av Emma og Magnus Myrtveit, som hjelper til med kransen. Begge desse er etterkomarar og slektningar av fredsforkjemparar.

Nært forhold til fredsarbeid
Dei seinare åra har det òg vore ungdomar som har leia arrangementet: Helene Mjøs og Helena Myrtveit. Desse to har òg nært forhold til fredsarbeid. Helene sin far har vore i FNs fredsbevarande styrkar i Libanon då han var ung. Helena er oldebarn av Emma og Magnus Myrtveit.  

Flaggvakter og korpsmusikk
Flaggvaktar ved bautaen er representantar frå HV-09, avdeling Bjørn West. Manger Old Star spelar, og gjev ei fin ramme rundt opninga av nasjonaldagen. Etter seremonien vert det servert lefse og kringle i Kulturtunet.  

Arrangørane ønskjer velkomen til ei stemningsfull opning av nasjonaldagen!

Web levert av CustomPublish