Ordførarane i Radøy, Lindås og Meland med turbrosjyren "15 turar i Alver". Foto: Randi Bjørlo.

15 turar i Alver

Lindås, Meland og Radøy kommunar har laga turbrosjyre med 15 turar i det som frå 2020 er Alver kommune. 

I perioden 9. mai til 20. oktober 2018 er det sett ut kodeord på med 15 turmål i dei tre kommunane – fem i kvar kommune. Når du har gått ti turar, derav minst éin i kvar kommune (sju for born 0-12 år) kan du levera brosjyren inn på rådhuset ditt, senda den per post til Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger eller skanna den og senda den til postmottak@radoy.kommune.no Frist for å levera inn ferdig utfylt turbrosjyre er 20. oktober 2018. 

Følgjande 15 turar er med i turbrosjyren: 

  1. Kolåstoppen på Lindås
  2. Selivarden
  3. Fløyen/Haugsåsen
  4. Velandseggjene/Djupedalseggjene
  5. Gladihaug
  6. Håøytoppen
  7. Brakstadfjellet
  8. Gaustadfjellet
  9. Skintveitmarka
  10. Eldsfjellet
  11. Staurevarden
  12. Kvistefjellet frå Sæbøvågen / Kvistefjellet frå Kviste  
  13. Morkefjellet
  14. Storufshøyen
  15. Syltaneset

Last ned brosjyra

Tusen takk til Sparebanken Vest og Knarvik senter som er sponsorar for 15 turar i Alver 2018.

Web levert av CustomPublish