Ialt 22 unge arrangørar skal planlegga og arrangera årets UKM

Unge arrangørar gjer ein flott innsats i samband med UKM

- Bli med på UKM!

Unge arrangørar er i full gang med planlegginga av UKM. I alt 22 ungdomar frå Radøy, Meland, Austrheim og Lindås skal saman med kommunekontaktane planlegga og arrangera UKM, som vert arrangert på Nordhordland folkehøgskule 10. mars.

Ungdom mellom 10-20 år kan melda seg på mønstringa, som er gratis. I år er det fleire veteranarrangørar som skal rettleia og trena opp nye unge arrangørar.
- Det er berre fantasien som stoppar deg for kva du kan melda deg på med, seier dei unge arrangørane, som håpar på stor deltaking.

- Veldig kjekt
- UKM er ein veldig bra plass der du kan visa talentet ditt og stå framfor eit publikum. Det er også ein arena der du kan utvikla deg. Det er kjekt å delta på UKM fordi du møter mange nye menneske og nye venskap blir skapt, seier Gabriel Soltveit Sylta (16 år) frå Radøy, som er ung arrangør for andre gong. På fritida spelar han i Manger skulemusikklag og er aktiv medhjelpar på ungdomsklubben i Radøy.

Sebastian Hegna var med i musikal under UKM i fjorSebastian Hegna (16 år) deltok med musikal på UKM i fjor. Han synest UKM er gøy og spennande å vera med på.
- Ein får visa fram talentet sitt, får møte andre ungdommer som er lik deg sjølv og som driv med det same. Ei kjekk helg, seier Sebastian, som også kom vidare til fylkesmønstringa i fjor. – Heilt topp, fortel han.
UKM er ein sosial arena der ungdom kan møta andre ungdommar frå heile Nordhordland med same eller ulik interesse. Her er ungdom i fokus og unge arrangørar jobbar for å setja eit ungdomspreg på mønstringa.  

Påmelding
Du kan vera med i UKM i mange ulike kulturelle uttrykk, t.d med band, som solist, ulike instrument, med film og dikt, kunst og dans, nettredaksjon og konferansier og mykje anna.m Til no har 14 ungdommar meldt seg på med band, rap, dans, konferansier, nettredaksjon og kunst.

Påmeldinga er open fram til måndag 26.februar kl. 16.00 på https://ukm.no/austrheim-fedje-lindas-masfjorden-meland-radoy/
Spørsmål kan du stilla til din kommunekontakt - informasjon finn du på ukm.no.

Web levert av CustomPublish